Moses kalles til lederskap – 2. Mos 3, 10-12, 4, 10-16

GudstjenestePod
GudstjenestePod
Moses kalles til lederskap - 2. Mos 3, 10-12, 4, 10-16
Loading
/

En smakebit av søndagens gudstjeneste på podcast. Her får du ukens tekstlesning og preken.


10 Gå no! Eg sender deg til farao. Du skal føra folket mitt, israelittane, ut frå Egypt.»
11 Moses sa til Gud: «Kven er eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut frå Egypt?» 12 Han svara: «Eg skal vera med deg! Dette skal du ha til teikn på at det er eg som har sendt deg: Når du har ført folket ut frå Egypt, skal de tena Gud på dette fjellet.»

10 Men Moses sa til Herren: «Høyr, Herre! Eg har aldri vore ein mann av ord, korkje før eller no, etter at du byrja å tala til tenaren din. Sein er min munn, og sein er mi tunge.» 11 Då sa Herren: «Kven gjev mennesket munn? Kven gjer stum eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren? 12 Gå no! Eg skal vera med din munn og læra deg kva du skal seia.»
13 Men han sa: «Høyr, Herre! Send heller ein annan!» 14 Då vart Herren brennande harm på Moses og sa: «Har du ikkje bror din Aron, levitten? Eg veit at han er god til å tala. Han er alt på veg for å møta deg, og han blir glad av heile sitt hjarte over å sjå deg. 15 Tal med han og legg orda i munnen på han. Så skal eg vera med din munn og hans munn og læra dykk kva de skal gjera. 16 Han skal tala til folket for deg. Han skal vera som ein munn for deg, og du skal vera som Gud for han.

2. mosebok 3, 10-12, 4, 10-16

Medvirkende

  • Predikant: Marie Grindheim
  • Tekniker: Mats Lauring